![]() |
Høst-ill. |
Dikt fra skriveborskuffa 1970
Dikt 1970-2
KLÆR
Det
kledde meg å vere her i stilla.
Her
fekk eg ord
Eg
kunne møte verda med.
Det
kledde meg å sove ute.
Her
lever alt, og jorda er så rein og fin.
Her
angar fred.
Det
kledde meg å lese til eksamen.
Eg
ville bli ein lærar for mitt folk.
Og
alle ord på vegen
Vil
eg løfte – som stein og stubb,
Og
gamle eiketre.
Det
kledde meg å reise i undring.
Alt
eg såg var stort og flott for meg.
Og
himmelen med perleskyer
Vil
alltid fylgje på min veg.
HELSING
Eg
helsar deg, du gamle mann,
Eg
helsar unge møyar.
Ta
hatten av for stort og smått.
Eg
helsar heile verda.
Eg
helsar for det ord du gav,
For
handa til dei kloke.
For
kjærleiken til mor og far.
Eg
helsar alle mine.
Eg
helsar for heim og venelag,
Og
bukkar djupt i støvet.
Eg
helsar deg, mi morgonsol
Som
kveikjer lys i huset.